Eg har internett på datan min! Fann eit trådløst nettverk, veit ikkje kven det er sitt då men. Er sikkert vertsforeldrene mine sitt. Akkurat no er klokka 01:21, er ganske trøtt, men skal skrive ferdig mitt første innlegg for eg legger meg. Til alle som ikkje høre frå meg, sorry. Eg har nesten nett fått meg data, og internetten fekk/fann eg i dag. Kunne ha blogga på vertsforeldrene mine sin data, men siden eg er ein person som alltid må ha eit bilde eller to på kvart innlegg, så kunne eg ikkje det. For eg vil ikkje legge innpå mine bilder på deira data.
Det er endelig helg, og eg kan slappe av litt meir, men ikkje egentlig. Eg har innleveringar som skal inn rett etter helga. Skal skrive tre side i engelsk, der vi skal velge ein av hovudpersonane i boka "Lord of the Flies" og sette oss inn i dens hode (kind off) og skrive ei "dagbok". Der vi viser kva personen tenkar, følar og gjør. Har begynt så vidt. Det skal inn på tirsdag, og dagen etter har vi ei stor prøve i vocabulary words. Det er ca. 102 ord, hjelp. Vi skal sjølv finne ut, ved hjelp av boka, kva orda betyr. Der sliter eg. Får bare håpe vi ikkje maa kunne alle dei 100 orda. På mandag skal vi levere inn påein måte ei innlevering, der vi skal intervjue eit familiemedlem, som feks. besteforeldre. Siden eg ikkje er i nerheiten av besten, spurte eg mamma om ho kunne spor han dei 6 spørsmåla for meg. Det gjor ho. Tusen takk, mamma! Kjempe glad i deg :*
I går var eg med Nicole, Elizabeth og Kelsey, tre jenter eg er blitt god venn med. Vi dro down town Ottawa, der vi gjekk litt rundt og såg innpå forskjellige butikkar. Det var kjempe fint i det området, så eg tok ein del bilder. Vi gjekk på eit naturmuseum kl. 17:00, siden det var gratis då. Det er bare eit par bussar som går dit eg bur, så eg måtte rekke 18:12 bussen som gjekk frå St. Laurent(eit ganske så stort shoppingsenter) Vi sprang etter bussar til å komme til St. Laurent. Eg rakk ikkje bussen min som eg skulle ta for aa komme meg heim, vi kom dit 18:18. Så då var det bare å ringe heim og spør om dei kunne komme å hente meg. Eg hørte at dei egentlig ikkje ville det. Skjønna jo godt, siden det er ganske langt å kjøre. Det tok 35 min for ho kom. I mens, memoriserte eg alle musklane og to aktivitetar til kvar av dei som ein kan gjøre for å forbedre musklane. Akkurat det hadde vi test om idag. Testen gjekk kjempe bra. Då vi var komt heim og satt i bilen, sa eg igjen tusen takk for at ho henta meg. Ho svarte meg tilbake med at ''I didn't actually have a choice". Vertsfaren min var ikkje bli. Vi åt middag i stillheit. Etterpå spurte han korfor eg ikkje hadde tatt bussen, og kva grunnen var. Eg fortalte sannheiten, at eg ikkje visste at det kom til å ta så lang tid for å komme seg til St. Laurent frå museumet. Vi gjekk jo tross alt derifra kl. 17:40. Det kan ikkje skje igjen, sa han. Har du lyst å bu i Ottawa, flytt til Ottawa. Eg hadde bare lyst å gråte.
Skulle ønske eg budde i byen, med alle vennane mine, og nær skulen. Men eg elska å bu på landet. Her er det skog, eit flott sted å jogge og gå truar. Ikkje misforstå meg, eg likar meg veldig godt her eg er og vertsforeldrene mine er egentlig veldig greie, spesielt Julie.
God natt alle sammen, no går eg å legger meg. God morgen til dåkke i Norge. Have a nice day :)