Pageviews


Hey! Welcome to my blog. I am a 18 year old girl from Norway, and I'm an exchange-student in Canada. I'll be writing about my life here, and show you a lot of pictures as well.

Saturday, November 20, 2010

Eg prøvde meg på volleyball laget. Vi hadde to-tre øvingar, også tre tryouts. Tirsdag, torsdag og fredag var tryouts dagane. Etter skulen på fredag fekk vi vite om vi kom med eller ikkje. Eg og ein del andre kom ikkje med. Men han sa at dersom eg hadde vert her neste år og, hadde eg komt med. Siden eg kunne då ha blitt mykje bedre til neste år, han sa eg hadde potensiale. Eg synst det var heilt greit, sjølv om eg hadde veldig lyst å komt med paa laget. Det hadde vert utrulig kjekt. Når tryouts for badminton begynner, skal eg prøve meg på laget der og. Håpar det går bedre. 


Etter skulen på fredag for eg som vanlig til St. Laurent, der eg kjøpte gåve til babyen eg skal i baby shower til i morra/søndag. Kjøpte ei fin lys-tre-ramme og glitter bokstavar som eg klistra på ramma. På ramma star det no "baby boy". Gleda meg litt til i morra, sjølv om eg ikkje kjenner ho som skal ha beibi, har heller ikkje sett ho(tanta til vertsfaren min). Då eg hadde kjøpt det, tok eg OC transpo buss til Blair, der ei venninde møtte meg. Vi gjekk heim til ho før vi for til ei anna sitt hus. Ho lakka neglene mine mørkeblå, med kvite klistermerke på, mens vi prata. Siden det var Kristian sin bursdag den dagen, fredag, ringte eg han for å gratulere han med dagen. Kristian sa hei, også hørte eg plutselig Kristine i telefonen og. Trudde forst ho var komt heim allerede, men det viste seg at ho hadde ringt Kristian tre min før eg ringte. Skikkelig perfekt timing! Vi prata i ca. 30 min, også midt i samtalen "kolapsa" telefonen min. Eg hadde ikkje meir penga igjen på mobilen. Var vert alle dei pengane ;) Hadde ikkje snakka med dei via telefon på alt for lenge. Godt å høre stemmen deira igjen. Savna dei veldig! Har ikkje sett systa mi på fleire år

Klokka er no 02:20, og eg skal i baby shower i morra som begynner klokka 13:00. Eg trenger søvn, sjølv om eg sov lenge i dag. Men dinna uka har eg ikkje fått masse søvn, kanskje ca. 5-6 timar kvar natt. Har hatt mykje lekser, innleveringar og ein test. Blir meir. På mandag/tirsdag har vi essay skriveøkt i engelsk. Grua meg. Men, god natt/god morgon <3

No comments:

Post a Comment