Merry Christmas!
Det er berre seks dagar igjen til jul. Og eg er fortsatt ikkje ferdig med julehandelen. Hjelpe meg. Eg er treig. Dagen i dag har vert kjempe bra. Eg sov til klokka var 12:00, litt for lenge kanskje. Men la meg ikkje foer kl. 02:30 i gaar natt for eg saag filmen "The Princess and the Frog" paa datan. Eg elska Walt Disney filmar. Er fortsatt liten inni meg, sjolv om eg snart er 18 aar. Det er skummelt aa tenke paa, eg vil ikkje bli 18 endaa. Er for tidlig.. Etter gode pannekaker med maple syrup paa, gjekk eg og vertsforeldrene mine ein 1 og ein halv time lang tur. Rett etterpaa kjorte vi inn til Orleans, og kjopte eit juletre. Kosta berre 15 $/90 kroner. Ganske billig for eit fluffy og fint tre. Fottene mine var ispinnar daa vi kom heim att.
Eg fekk pakke fraa Norge paa torsdag! Den var fraa mamma, pappa og brodern + fraa Ole og Graapus. Opna ytterste pakken, og inni var det gaavar. Den inneholdt ting som ikkje var pakka inn og, som foresksempel masse melkesjokolade, lakerol, Flora Kalender, og 3 comic books; Nemi, Kapteinens Jul og Knoll og Tott. Fekk og heimelaga kakemenn og kokoskaker, som mamma har baka. Er super glad! Gav sjokolade og kalenderen til Jocelyne og Jean-Claude/vertsforeldrene mine. Dei vart kjempe glade for det.
I morra skal eg i bursdag til ei venninde fraa skulen. Black and White party. Maa nok bruke kjolen min fraa Norge, siden eg ikkje har kjopt meg nokke ny kjole her. Kjipt.
Vi fekk sjukt med engelsk lekser som vi maa gjore i ferien. Det er trist. Har to CPT'ar som eg maa faa gjort foer skulen begynner og. Eg druknar i lekser og prosjekt. Etter ferien skal vi som har gym, lede ein egen gymtime. Eg og ei god venninde av meg er paa gruppe i lag. Heldigvis trengte vi ikkje aa vere aaleine. Vi skal ha aerobic. Det kan bli spennandes aa sjaa korleis det gaar.
Men no maa eg legge meg, augene mine detter snart igjen. God natt!
No comments:
Post a Comment