Eg hadde berre ein skuletime med fag på torsdag. Etter religion timen for eg og resten av bok-klubben til Fun Junction. Der prøvde vi ut laser tag, miniput, klatring, air hockey, og meir. Vi spiste lunsj der. Laser tag har eg aldri prøvd før, så det var utrulig kjekt. Klatra ein gong, det var kjekt. No har eg lyst å begynne å klatre. Eg vann runda vi spelte av miniput.
Møtte ei venninde etterpå. Blei med ho heim. Vi gjorde oss klar til Banquet'en. Det var ikkje så kjempe mange som var der, siden det trossalt er 25 forskjellige lag. Spiste chinees food, også var det utdelt prisar. På slutten viste dei bilder frå alle lagene. Det var kjekt. Rugby jentelaget tok eit gruppe bilde der og. Så eg håpar eg får tak i det bildet.
Det var Fun Junction. Nedanfor er to bilder frå the Banquet.
No comments:
Post a Comment