Hockey Game! Til bursdagen min fekk eg to ishockey billettar, og kampen var no på lørdag. Eg tok med meg Carolane. Det var utrulig kjekt! Ingen tvil om at eg kjem til å fere på ein til kamp. Neste gong blir det kanskje ein Senators game. Det blir stort. Ottawa 67's spelte mot Kingston Frontenacs. Vi heia sjølvsagt på Ottawa. Men begge laga spelte bra. Det var ein kjempe bra kamp. Ottawa 67's vant 3-2! Eg og Carolane hadde eit av dei beste plassane. Rett forran oss på hi sida av bana var spelarane, og vi satt midt i - rett forran bana. Så vi hadde ei ganske god utsikt. Det var eit par av hockey-spelarane som var ganske så kjekke.
Etter kampen for vi på Fox & Feather pub and grill, og spiste middag. Vi for innom ein kamerat av Carolane, og var der i litt meir enn ein halvtime. Då vi kom heim var det nesten ut att med ein gong. Ut igjen i kulda. Ein anna kamerat av ho kom bortom, og vi tok med oss skøytene våres og gjekk ned til kanalen. Rideau Canalen er verdens lengste skøytebane. Vi tok heile runda. Eg datt ein gong. Han for heim til seg. Men for oss var det ikkje kveld endå, sjølv om klokka var 00:01. To andre av kameratane hoas kom på besøk, var der til klokka var nesten halv fire. Eg var utrulig trøtt då hodet mitt traff puta klokka 04:00. God natt!

No comments:
Post a Comment