I går dro eg, vertsbror, kjœrasten hans og ein venn av dei til Mont Cascades og sto på snowboard. Det er nokke av det kjekkaste eg har gjort! I loved it. Det skal eg nok gjøre fleire gongar. Eg trudde det skulle vere utrulig vanskelig, men det var enklare enn forventa. Det var heller ikkje så dyrt å leige utstyr for tre timar. Vi begynte å kjøre i nybegynner bakken, som var veldig bra. Ikkje for liten/bratt og ikkje for stor/bratt. Då eg hadde fått litt teken på det, tok vi heisen opp til den store bakken, som var mykje lengre og litt brattare. Eg datt eit par gongar. Låra mine var skikkelig vonde etter ca 5 gongar ned bakken. Så siste turen var tung. Då eg sto ned siste nedbakke, eg var nesten nede, trudde eg at eg skulle klare å stå heilt ned. Men plutselig var brettet mitt i lufta, og eg var i bakken. Bra slutt på dagen, hehe. Gjor ikkje nokke vondt då. Eg likte best å gjøre "the falling leaf". Skal fortsette med å snowboarde når eg kjem heim att til Norge og. Kanskje om eg har råd, skal eg kanskje vurdere å kjøpe meg eit brett og utstyr.
Opna gåven eg fekk av systa mi, og gåven eg fekk frå Maria, Karianne, Birte, Cathrine og Kristine. 1000 Tusen takk for smykket! Eg elska det! Det er utrulig nydelig. Tuusen takk søtingar <3 I love you guys! Miss you too.. Takk for alle gratulasjonane och. Fekk ein til gåve i dag, parfyme/body lotion og shower gel.
No comments:
Post a Comment