Pageviews


Hey! Welcome to my blog. I am a 18 year old girl from Norway, and I'm an exchange-student in Canada. I'll be writing about my life here, and show you a lot of pictures as well.

Saturday, March 26, 2011

Earth Hour

Earth hour er alltid koselig, uansett kor ein er og om ein er med nokken eller åleine. Sist gong var eg hos Inger, bestisen og noboen min. Det var kjempe kjekt! I dag var eg åleine heime. Vertsforeldrene mine er på besøk hos nokre vennar. Eg hørte på musikk og leste i ei utrulig bra bok, Some Girls Are.


No skal eg lese ferdig boka, og gå å legge meg. Good night.

Sunday, March 20, 2011

Visiting the Omega Park

Sola skein og det var kjempe flott veir i går. Det er det i dag og. I går besøkte vi Omega Park i Quebec. Vi såg mange forskjellige dyr, hjort, buffalo, bjørn, rev, ulv, prærieulv, og meir. Det var ein open park, men ulvane og bjørnane var innafor eit gjerde. Vi fekk heller ikkje lov å gå ut av bilen, så det var jo litt skjipt. Hjortane stakk hodene sine inn i bilen, og vi mata dei med gulrøtter. Det var ein kjekk dag, og eg fekk tatt mange bilder. 







Monday, March 14, 2011

Besøk frå Quebec!

På fredag etter skulen møtte eg Hanne i Ottawa. Ho skulle vere hos meg i helga, så vi tok bussen heim. Lørdags morgon for vi til byn, inn til Ottawa, der vi for på eit museum. The Science and Technology Musem. Det var eit bra museum, men ikkje det beste eg har vert på. Vi tok ein del bilder. 





Då vi skulle gå, spurte vi korleis vi kom oss til St. Laurent shopping senter, og fekk ein liten lapp med tegning om retningen. Han ga oss feil buss stopp, så vi gjekk fram og tilbake før vi til slutt sto på rett buss stopp og kom oss dit vi skulle. Vi shoppa i nokre timar, spiste, også for vi heim att. Såg filmen Life Before Her Eyes, før vi sovna. 


Vi spelte litt Pool, før vi kjørte ho til togstajonen, der vi sa hade. Det var kjempe kjekt å få besøk av deg, Hanne! Kjekt å snakke Norsk igjen, sjølv om det var litt uvant i begynnelsen. 

Wednesday, March 9, 2011

Ash Wednesday

I dag er det Ash Wednesday, også kalla Lent, for alle kalolske folk. Og siden eg går på ein katolsk skule, feirte vi det i dag, i begynnelsen av første timen. Vi fekk aske i panna. Sånn gjekk eg i heile dag. Hehe, neida. 


Odette and I

Hadde gleda meg veldig til dagen i dag, for eit par elevar frå LBP skulle gi blod, eg var ein av dei. Vi gjekk til ein anna skule, naboskule, der vi skulle gi blod. Måtte ta blodprøve, gå igjennom ein del spørsmål, ta blodtrykk, ta tempraturen, pulsen. Då ho tok tempraturen min, var eg litt for høg. Hadde 37,7 grader. Normal tempraturen er mellom 36-27,5. Så eg fekk ikkje gitt blod. Bummer. Var ikkje den einaste som ikkje fekk gjort det. Var ei anna som var forkjøla og, ein som hadde for høg puls, osv. Men det var eit par som ga blod. Første gongen min blir nok i Norge, siden neste gong blir i november og då er ikkje eg her.