Pageviews


Hey! Welcome to my blog. I am a 18 year old girl from Norway, and I'm an exchange-student in Canada. I'll be writing about my life here, and show you a lot of pictures as well.

Sunday, May 29, 2011

Won the last game of RUGBY!


Vi, Lester B. Pearson Panthers, hadde vår aller siste kamp onsdag som var. Vi spelte i mot Osgoode. Vann 28-17. Gu så glad vi blei då vi vann! Ditta var andre gongen vi har vunne, 2/5 kampar. Eg trur vi alle trudde vi kom til å tape siden Osgoode vann mot ein lag som vi tapte mot. Men det gjor vi ikkje. Eg kjem til å savne å spele rugby, savne laget og alle treningane vi hadde før skulen begynte og etter. Best team!





Oh aleale. Oh aleale. Alei tikkitanga. Alei tikkitanga. Awasa-wasa-wasa. Awasa-wasa-wasa. Oh aleaa-ale-aaele. Oh aleaa-ale-aaele.

Friday, May 20, 2011

Toronto

På tirsdags morgon reiste eg og 5 andre frå skulen, pluss the librarian, til Toronto med tog. Tur med bok-klubben. Trur det er andre gong eg har tatt tog. Var kjekt! Tok ca. fire og ein halv time dit. Vi gjekk til hotellet vi skulle bu på den eine natta. Kathy, Sam og eg hadde hotellrom i lag. Første dagen der shoppa vi på eit stort shopping senter. Det einaste vi fekk tid til var ein bokbutikk, der blei vi lenge. Eg kjøpte meg fire bøker der. Vi for så tilbake til hotellet, og skifta til litt finare klær. Så var det tid for middag, og deretter såg vi musikalen Billy Elliot. Eg har sett den før, men eg blir nok aldri lei av å sjå den. Første dagen i Toronto, smakte eg og min første Frappuccino på Starbucks. Det var faktisk godt.




Neste dag sto vi opp tidlig. Vi sjekka ut frå hotellet, og for deretter på sermonien som vi var i Toronto for å vere med på. Det var fleire bok-klubbar frå forskjellige skular som var der og. Vi fekk kjøpt bøker der, så eg kjøpte meg ei. Vi fekk signert alle bøkene våre, av forfattarane som hadde skrivd bøkene. Hosten for sermonien var Sabrina Jalees. Ho er visst ein Canadisk kjendis. Eg hadde aldri hørt om ho før då. Ho signerte det blå kameraet mitt. Men signaturen er no vekke, uheldigvis.





Saturday, May 14, 2011

Boom Dance



Først av alt, gratulerer med dagen til verdens beste mamma! I love you!
Skulen arrangerte dans på torsdag. Siste dansen ditta skuleåret, så eg måtte jo sjølvsagt gå. Eg angra ikkje litt på at eg gjekk, det var kjempe kjekt. Einaste vi gjor dei timane, var å danse. Musikken var ikkje så kjempe bra, men grei nok. Var ein del som syntest det samme, at musikken kunne vert bedre. 





Saturday, May 7, 2011

Rugby

Vi hadde vår første rugby kamp på onsdag. Eg var utrulig nervøs før kampen, men då vi begynte å spele glømte eg folka som sto på sidelinja(ikkje at det var så mange folk der då). Første gong eg blei takla, gjekke eg hardt i bakken. Ho som taakla meg lagde eit stort merke på leggen min, fekk ein stor blåkul der. Det regna den dagen, så bana var full av gjørme og sølepyttar, og vi blei alle gjørmete. Det var utrulig kjekt. Skulle ønske det regna på kvar kamp.

I går hadde vi turnering, og vi spelte tre kampar. Vi tapte første kamp; 5-0 (dersom ein skåra ein gong får ein 5 poeng), andre kamp blei uavgjort; 0-0, og siste kamp trur eg vi tapte; 10-5. Kanskje den siste kampen blei uavgjort(10-10), men huska ikkje heilt.



Blei utrulig gjørmete.


New York City


Eg var i New York for to veker sida. Det var utrulig kjekt! Eg tok meir enn 500 bilder på turen, men hadde nok tatt endå fleire dersom eg hadde hatt Canon kameraet mitt i stede. Kameraet er til reprarasjon, fortsatt siden han må bestille delen frå Europa. Egentlig skulle det bli ferdig til tirsdagen eg kom heim frå New York, men sånn blei det ikkje. Må vente to-tre veker til. Det er eg ikkje glad for. Trenger kameraet mitt. Nokre bilder blei no bra.

Vi gjekk over Brooklyn Bridge, tok båt så vi fekk sjå forskjellige øyer og the Statue of Liberty. Såg The Bull, fekk mykje fritid i Time Square, besøkte Chinatown og gjekk på markedet der. Kjøpte oss kvar vår "I <3 NY" t-skjorte. Kjøpte meg litt klær, accessories, og suvenirar. Vi besøkte og the Metropolitan Museum of Art, og Strawberry Field. Eg blei kjent med kjekke folk frå all over the world. Japan, Hungary, France.. Det var ein minneverdig tur. Trur ikkje eg har gått så mykje på ei helg før.

Då vi kom tilbake til Toronto, etter NYC turen, gjekk det ikkje buss heim. Så vi; Krisztina, Sini og meg overnatta på eit hostel. Kosta berre $30 for ei natt. Fekk berre sove 4 timar ca, før eg måtte stå opp og ta første buss heim, som gjekk kl 06:30. Tok bussen heim åleine, og deretter for eg rett på skulen. Måtte jo få med meg rugby treninga som vi skulle ha etter skulen. Fekk og med meg Canadian Law timen.